I helga skal det vere julemesse her i bygda, og det er jo spennande. No i veka hadde eg siste omgang med toving før messa, blant anna med desse vinveskene. Har sydd på pynt av tova ull og perler.
No i veka har eg elles drive og merka, prisa og laga liste over det eg skal stille ut på messa. Det blir spennande å sjå korleis det går. Restbeholdninga får eg berre ta vare på til gåver og anna til seinare. Eg er med i ungdomslaget som arrangerer messa, så helga går med til organisering, utstilling, baking og så sjølve gjennomføringa på søndag.
Ynskjer alle ei god helg!
1 kommentar:
Så flotte ting du har laga :D Ønsker deg masse lykke til med messa :D
Ha ei flott helg :D
Legg inn en kommentar