tirsdag 30. november 2010

Oppsummering av helga

Helga som var var innhaldsrik, litt travel men veldig kjekk. Søndag var den store førjulsdagen her i bygda, med familiegudsteneste og juleverkstad/messe/kafè. Tradisjonen tru skulle 4-åringane få bok i kyrkja denne søndagen. Og i år hadde vi for siste gong ungar som skulle få ei slik bok, så då stilte vi sjølvsagt opp.

Her har Nora og Kristina nett fått boka si, og så skal dei synge ein song i lag med presten. (Ja det var ikkje berre våre ungar der, men dei andre har eg skåre vekk for anledningen.)





Etter gudstenesta reiste vi til ungdomshuset. 12-åringen hadde eigen stand på messa i år, der ho selde diverse småtteri, julekaker, makramè m.m. Slik såg bordet hennar ut. Ho fekk selt alle natronkakene med ein gong, elles gjekk det litt av det andre òg.


Sjølv selde eg strikkavarer, eit mobilbilde av utstillinga mi var i forrige blogginnlegg. Salet gjekk bra, det gjekk mykje isskrapevottar, vottar elles, sokkar, huer m.m. Eg ser som i fjor at det er småting som sel best, så det må det lagast meir av. Trur eg har att berre eit par vottar...
Sidan helga var så hektisk, har vi ikkje kome heilt i gong med adventstida her. Adventsstaken er t.d. søkk vekke, så her må vi finne på noko anna. I ettermiddag har eg pakka inn dei obligatoriske 24 små pakkane. Våre born får pakke kvar sin dag, så det blir berre 4. kvar dag for kvar enkelt. (Eldstemann får ordne sin eigen kalender, ho er 20 år...) I år vert det ein enkel variant av ein kalender, men ungane vert nok nøgde håpar eg.




2 kommentarer:

Tone Helen sa...

God advent til deg! Masse flott du hadde laga til messa :-) Eg jobber på med ulike strikkeprosjekt til julegaver :-) Går litt i toving av tøfler og sokkestrikking - det går fortast :-) Tunikaen vart eg ferdig med tidligere så den er i boks :-) Kos deg videre!

Ramatoa sa...

Så kjekt å få til et så koselig bilde fra fireårsbok gudstjenesten!
Ser ut som om jentene koser seg med å synge!
Så flink tolvåring som stilte med egen stand på messa! Kult!

Tipper de blir kjempefornøyde med kalenderen, jeg!
Nyt adventstida videre!