Då er endeleg denne ferdig - Anna's bolero.
Denne er strikka i Drops Lima på pinne nr 4, litt vel tjukk, kanskje. Det gjekk nesten 5 nøste. Oppskrifta finn de her, men eg har lagt opp 10 ekstra masker og strikka ein rapport ekstra på framstykka og ermene, og to ekstra rapportar bak. Då vart den slik til min 5-åring.
1 kommentar:
Nydeleg bolero på ei nydeleg jente!! Denne vert kjekk å bruke no på hausten og vinteren,- kjekt når den er varm og god. Flott med detaljen nedst og på erma. Ønskjer deg ein fin laurdag.
Legg inn en kommentar