tirsdag 10. januar 2012

Trøye

Nora har fått seg ny trøye. Eg tenkte eg måtte prøve å sy litt kle som er større enn babystørrelse, så for å teste ut litt måtte eg lage litt til mine eigne fyrst. Eg teikna av etter ei trøye som jentene har, og så tok eg sjansen og klipte i (det dyre) stoffet. Resultatet vart no ganske ok, planen er å lage matchande bukse òg, men det blir nok ein annan dag.

Eg begynner etterkvart å opparbeide meg eit bra stofflager, likevel er det ikkje alltid eg har fargar som passar til kvarandre. Denne ribben er mørk plommefarga, av dei eg hadde tykte eg det var den som passa best, men eg ser no at det ikkje var heilt klaff.