torsdag 12. april 2012

Lenge sidan sist..


Då er det ei stund sidan sist blogginlegg, så no får det bli eit oppsamlingsinnlegg.
Det blir for tida litt masseproduksjon av småting til Bygdenæringsdagane i Stardalen, der eg dristar meg til å ha ein stand.


Nokre fleire klemmepungar i friske fargar og motiv

Siklesmekker...
Eit hiv med nye huer...
Og nokre bukser til bodyar eg har sydd før. Tenkte eg skulle selge desse som sett.
Og så har eg strikka litt igjen...

Dette er nonstoptrøya - med mønster frå Ravelry. Strikka med tjukkare pinnar og garn enn oppskrifta seier, så den er lun og god. (Jade - pinne nr 4)
Eg vart ferdeig med denne på eit møte i går, og alle trudde det var ein kjole, sikkert pga den var så lang og smal. Men den er veldig elastisk, så den er heilt fin som trøye til ein 3-5 åring. Fin t.d som vest utanpå ei ulltrøye eller pologensar.
Her er eit eksemplar til, denne er større. Ca str 7-10 år.
Strikka i mjukt Alpakkagarn frå Sandnes, pinne nr 4.
Alt dette er for salg, men eg legg det ikkje ut på Epla-butikken min før etter messa, når eg ser kva som vert selt der. Om det er nokon som ynskjer seg noko av dette, er det berre å seie frå.

2 kommentarer:

Elin sa...

Kor mykje fint du syr og strikkar, praktiske ting! Er du på Ravelry?

Leei sa...

Eg er på Ravelry, ja, men lenge sidan eg har lagt til noko. Er no venn med deg der, trur eg ;-)