torsdag 4. oktober 2012

Fleire sitjeunderlag

Då har eg fått hekla nokre fleire sitjeunderlag, i tillegg til at det fyrste eg laga fekk seg ei runde til i maskina. Har fått brukt opp mange nøste med Cortina Soft, så no har eg nesten berre enkle nøste igjen, får sjå om eg klarar å få noko fint ut av det. 


Størrelsen er ca 36 x ca 50 cm. Blir til sals for ca 200 kr. 
Dyrt? Garnkostnaden er iallefall over 70 kr pr underlag, så har eg gjerne hekla på det eit par-tre kveldar i tillegg til festing av endar og samansying. Så nei, 200 kr er ikkje dyrt, kanskje eg tilogmed tek litt meir :-) Får sjå kva eg bestemmer meg for. 



Fargerike saker til å setje rompa på. 

1 kommentar:

Liv sa...

Hei!
Eg synest ikkje du tar for mykje for garn og jobb.
Det som er synd, er at eit sitteunderlag er så lite "synleg".
Hvis det blir sydd på eit bakstykke, har vi ei pute som alle kan beundre.
Helsing Liv.