Då er endeleg begge mariusgensarane ferdige. Og vinteren er forhåpentlegvis slutt. Men varme gensarar kan vere kjekke å ha likevel, dessutan er desse rikeleg store slik at dei kan vare lenge.
Eg tykkjer dette mønsteret med rundfelling er veldig greitt å strikke, lite montering når ein er ferdige.
Desse gensarane er strikka i Sandnes Alpakka, så dei er skikkeleg mjuke og gode. Størrelse 10 år, pinnar ner 3 og 3,5.
Måtte til med utefotografering i sola i dag - sjølv om vi snart begynner på mai er det lite knoppar og grøne tustar endå. Men med nokre fleire slike dagar som i dag kjem det seg vel etterkvart.
Og så eit lite spørsmål til slutt:
Når tvillingar er einegga, skal ikkje tennene vekse ut om lag samstundes på begge? Får tru tanna som manglar kjem snart :-)
Ha ei framleis god helg!
5 kommentarer:
Knallfine mariusgensre på helt nydelige jenter!
Fantastiske bilete av tvillingane, og flotte genserar!
Så nydelige gensere og to flotte modeller.
Så herlige gensarar og herlige jenter.
Gensarane er jammen gode å ha, og så flotte, både dei og jentene. Vinteren er over oss for fullt igjen.
Godt vi kan sitje inne å strikke.
Mvh Liv H.
Legg inn en kommentar