For nokre dagar sidan dumpa det ned nokre meter hjortestoff i postkassa mi. Pakken kom frå Textart. I går og i dag har dette blitt til 6 bodyar i 6 ulike størrelsar, og ei t-skjorte. Eg har framleis litt igjen, og planlegg huer, halsar og panneband av det, og muligens nokre siklesmekker om det blir noko igjen. Dette stoffet likte eg veldig godt, og no når hjortejakta nærmar seg, bør det no slå an.
Hjortane og kantebanda er brune. Knappar frå Lykkedragen.
T-skjorter med hjortar i str 6 år, T-skjorte med bondegardsmotiv i str 4 år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar