mandag 16. juli 2012

Endeleg ferie!



Tre veker utan andre planar enn å sysle litt heime og evt nokre småturar rundt om viss veiret vert brukbart. Fyrsteprioritet blir nok kjøkenet som i desse dagar vert totalrenovert. Mykje pirkearbeid i eit gammalt, skeivt hus. For å lage litt meir arbeid, skal vi også flytte vask og oppvaskmaskin, slik at nye rør må leggast.  I dag starta golvlegginga, og når det er klart, kan vi begynne å få på plass skåpene. Med litt framskritt kvar dag, skal vi nok bli ferdige. 



 På kjøkenet er det ikkje alt eg evnar å vere med på, så innimellom har eg rydda litt på syrommet. Eigentleg skulle eg hatt meir plass, tre symaskiner på ein liten benk vert litt trangt, det blir vel til at eg set vekk den maskina som ikkje er i bruk. 


Eg har òg sydd litegrann dei siste vekene/dagane, det er blitt nokre trøyer og bodyar til neste messe.




søndag 1. juli 2012

Eg har sydd i gjen!

No har det gått 2 månader sidan sist eg sydde noko. Det var faktisk litt deilig med ein pause, men eg merkar at interessa begynner å ta seg opp igjen, og ikkje minst kribla det etter å få teste ut den nye Coverpro-maskina mi. I dag tidleg skulle eg berre prøve litt, det enda med at eg klipte ut til ein body, og  to til litt seinare. 

På den fyrste vart det mykje kluss, og sprettekniven gjekk varm. Tråden rauk stadig, eller eg sydde skeivt eller noko anna gjekk gale. Men etter litt prøving med diverse innstillingar gjekk det greit, og på dei to neste bodyane spretta eg ikkje noko i det heile tatt. Så no kryssar vi fingrane for at maskina, kantebandapparatet og eg er vortne venner. (For alltid!)


Tre stk bodyar i str 74. Mønster frå "Heilt spesiell". 


Ditta blei bra! 


lørdag 30. juni 2012

Livsteikn

 Eg er i live!

Det vart visst ei lita bloggtørke no i juni. Om sommaren er det mykje som skjer, og akkurat no har eg lite tid til hobby, som gjerne er hovudgreia her på bloggen. 

Blant anna har vi vore i Bulgaria på ferie, det var ei veldig bra veke.


Vi har vore på hytta i Traudalen,


fiska litt....


Eg har tangert "persen min" med ein fin ein på 900 gram... 


 Eg har vore og sett på mange nyutdanna sjukepleiarar. Ho til venstre er niesa mi, ho i midten er dotra mi, og ho til høgre er ei veninne av dei. Kjekke, flinke, unge damer som vi ynskjer lukke til i arbeidslivet.


Vi har feira tradisjonell jonsok her i bygda


Og no bur vi opp i eit kaos av kvite skapskrog og rot, her skal det byggast nytt kjøken i sommar. 


I tillegg står denne nyheita i sykroken min og ventar på at eg skal få tid til å setje meg inn i bruken av henne. Har såvidt prøvd litt, men tida strekk ikkje til...


Elles har eg strikka ein sokk på ein månad - mesteparten på ferieturen. Må vel strikke ein til ein gong. Tek litt tid på pinne nr 2,5. 


I tillegg har eg og ei anna bestillt oss standplass på Sandane-dagane, så det må vel bli litt sytid innimellom, iallefall nokre dagar i ferien.

Kjem nok innom igjen med jamne eller ujamne mellomrom, ha ein fortsatt god sommar!

fredag 18. mai 2012

Vel overstått 17. maifeiring!




Bloggen og handarbeid er for tida litt nedprioritert, så her har ikkje vore så mykje aktivitet i det siste. Før messa i slutten av april var det MYKJE aktivitet, så eg måtte ha ei pause no. Huset, familien og jobben treng litt av tida mi no framover. 

Nokre tilfeldigheiter gjorde at planane om nytt kjøken vart brennaktuelt, og no har vi teikna og kjøpt oss IKEA-kjøken. Litt bestillingstid var det, så kjøkenet er venta i midten av juni. Og før det skal vi på ein vekes ferietur, så her går det slag i slag framover. Så istadenfor hobbyinnlegg, kan det jo hende her kjem både feriebilder og oppussingsbilder etterkvart, så følg med! Og hobbyinnlegg kjem det heilt sikkert innimellom, vi får sjå kor tid eg får ånden igjen...

mandag 30. april 2012

Messe overstått

 Då har eg vore på messe med tinga mine. Eg hadde med mykje, og kom heimatt med litt mindre. Eg fekk selt ein del, men det var ikkje allverden med folk der, så ein kunne kanskje ikkje forvente meir. 


No er eg i gong med å oppdatere Epla-butikken min som har vore stengt i helga. Eg har teke vekk det eg har selt, og lagt til ein del nye varer, og meir kjem dei neste dagane. Blant anna er der panneband, siklesmekker og ein del nye huer. Etterkvart kjem det meir huer, bodyar, knytebukser,  posar, brødkorger og strikkepinneetui, + eit par strikka ting.  Følg med!

Ha ein fin kveld!

fredag 27. april 2012

Siste sydag før messe

I dag har eg hatt fri, og dagen har blitt brukt til messeførebuingar. Eg hadde så mykje eg hadde lyst til å lage før laurdag, og dette var det eg rakk i dag; 2 t-skjorter, 4 bodyar, 8 huer og 15 siklesmekker. Fekk brukt opp litt smårestar, m.a. til smekker. 


Eg hadde prisa og pakka mykje på førehand, så no er det meste klart. 


Det har blitt ein del prislappar og feste på... Eg har brukt visittkort frå Vistaprint som prislappar, litt store men det gjer ikkje noko.


Så då får vi krysse fingrane for at det går bra i helga :-)




onsdag 18. april 2012

Klemmepungar

Nokre fleire klemmepungar til messe.