tirsdag 9. juli 2013

Labbespøt

Endeleg er det ferietid, og lange late dagar. Til no har jentene, mor mi og eg vore nokre dagar i Bergen hos eldstejenta, elles har det vore litt hytteliv. 

På hobbyfronten har det gått i labbar, to par som eg har hatt på hytta er fullførte, og så held eg på med det tredje og det fjerde (som ligg igjen på hytta). Når det gjeld sying går det trått, eg begynte på nokre bodyar for ei stund sidan, men covermaskina kranglar, eg vert muggen, og så vert det ikkje noko meir. Får sjå om eg gidd å ta opp kampen igjen etterkvart.


Herrelabbar under produksjon.

Barnelabbar av restegarn

Damelabbar, Jarbo mellanraggi

tirsdag 25. juni 2013

2 t-skjorter

Då har eg endeleg fått sydd litt igjen. Sist veke sydde eg nokre enkle panneband som eg diverre ikkje har fått teke bilde av. Og i dag fekk eg laga desse to t-skjortene i str 104 og 122. Greitt å få bruke nokre smårestar på armane. Elles er det brun jersey som er utruleg mjuk og god, trur den er kjøpt hos tidlegare Tiljamiid sin nettbutikk 



(Hm... eg ser at dette bildet ikkje var optimalt, men i dag måtte eg bruke nr 2.-kameraet mitt...)

Satsar på å ha salsbod på Sandane-dagane i år òg, så det gjeld å få laga opp litt no. Eg får satse på litt syarbeid i ferien, berre få dagar att no. 

lørdag 15. juni 2013

Lang pause

Dette året har eg hatt lite tid og inspirasjon til å sysle med hobbyaktivitet. Mykje på jobb, konfirmasjon og at eg har prioritert andre ting har gjort at bloggen har lege meir eller mindre i dvale siste halvåret.

Med to veker til ferie, og ny jobb i sikte etterpå, satsar eg på at hobbyinteressa kjem snikande igjen. Innimellom har eg no hatt nokre prosjekt på gong, mellom anna bestemorteppe. Det blir nokre lappar innimellom, og sist eg talde var eg komt opp i over 70 stk. Men lappane er små, så her må mange fleire til.

For ei god stund sidan fekk eg bestilling på 15 siklesmekker med plastbelegg inni. At kunden seier det ikkje hastar er ikkje særleg bra, då blir det stadig litt utsetjing. Men i dag tidleg rydda eg sybordet, og fann ut at no måtte dette gjerast ferdig. Og etter ein god time var det gjort, så no ligg dei pakka og klare.

Det er helg, og etter ei føremiddagsøkt med husarbeid går turen til hytta. Gledar meg! God helg!



søndag 5. mai 2013

Nytt prosjekt - bestemorruter

På hytta har eg to stygge stolar som er gode å sitje i. Planen no er å friske opp desse med å lage teppe som ein kan legge over dei. Eg hadde ein del Cortina-garn frå Spar kjøp liggande, så no er eg i gong med lappeproduksjon. Veit ikkje heilt kor mange eg må ha, men før eg får teke skikkelige mål av stolane heklar eg i vei...



lørdag 27. april 2013

2 stk mariusgensarar

Då er endeleg begge mariusgensarane ferdige. Og vinteren er forhåpentlegvis slutt. Men varme gensarar kan vere kjekke å ha likevel, dessutan er desse rikeleg store slik at dei kan vare lenge. 

Eg tykkjer dette mønsteret med rundfelling er veldig greitt å strikke, lite montering når ein er ferdige. 
Desse gensarane er strikka i Sandnes Alpakka, så dei er skikkeleg mjuke og gode. Størrelse 10 år, pinnar ner 3 og 3,5. 

Måtte til med utefotografering i sola i dag - sjølv om vi snart begynner på mai er det lite knoppar og grøne tustar endå. Men med nokre fleire slike dagar som i dag kjem det seg vel etterkvart. 







Og så eit lite spørsmål til slutt: 
Når tvillingar er einegga, skal ikkje tennene vekse ut om lag samstundes på begge? Får tru tanna som manglar kjem snart :-)


Ha ei framleis god helg!

søndag 14. april 2013

Inspirert av våren

Denne helga har eg fått litt meir etterlengta sytid. Maskinene har stort
sett vore tredde med raud tråd, og då gjeld det å halde seg til stoff som krev det. I tillegg er lamminga i gong her i bygda, men marihøner må vi vel vente litt med...

Detaljbilde av lammestoffet

Sett med bodyar og bukser i ulike størresar. 
Dongeri frå avlagde dongeribukser. 
Raud velour frå Stoff og stil, marihøner og lam frå Myllymuksut. 

Testa òg ut ein ny type lommar eg ikkje har prøvd før, eg fann beskrivelse i denne kjekke bloggen. 


...Og til slutt ei lita hue som kan passe til. str 46-48


onsdag 10. april 2013

No var det jammen lenge sidan sist...

...Men alt står bra til likevel. Noko travelt har det vore i det siste, så hobby og blogging har ikkje vore øverst på prioriteringslista. Eg har ikkje noko plan om å slutte bloggen, så no må eg ta meg på tak å få liv i den igjen. 

Sist innlegg var før Treskifestivalen i Stryn. Vi reiste avgårde, men salet gjekk vel ikkje akkurat strålande. Nokre huer og eit panneband var alt. Salsboder inne i eit telt når sola strålar ute er vel ikkje heilt optimalt. Men no har eg no prøvd det. 

Noko av det eg selde var denne Space Invader-hua. Seinare har eg strikka ei til, og den har eg i lageret mitt. 


Tidlegare i år strikka eg ei grøn Pickles-jakke til eine tvillingen min. Systra måtte òg få, og den vart burgunderraud. Veit ikkje om eg vart heilt fornøgd - modellen var smal, og armane var veldig smale. Og det å bestille garn på nett, utan å få sjå fargane skikkeleg fyrst, ikkje heilt bra det heller. 


Fargen på desse bilda lyg. Raudfargen er djupare, men vanskeleg å få det sikkeleg på bilde. 


 Noko eg er meir fornøgd med er denne Marius-gensaren i alpakka-garn. Fantastisk mjukt og godt garn. Denne er òg til ei av tvillingjentene, og gensar nr. 2 er undervegs. 


 

Sist søndag hadde eg og veninna mi sydag - og prosjektet no framover vert å få opp lageret før sommaren, så får vi prøve å komme oss avstad på nokre messer. 

Bodyar med ulike mønster og glade fargar er som regel populært. 
Her er bodyar i str 68, 74 og 86. Hugsar ikkje heilt, men trur eg bestilte stoffa hos Fabelblå. 





To trøyer i "bygg og grav" stoff. Str 3 og 6 år. 




Så får vi krysse fingrane for at det ikkje blir nærmare to mnd mellom innlegga no framover, sjølv om det er mykje som skjer. Mykje spennande på jobb, barn nr 3 skal konfirmerast, og vi skal forhåpentlegvis nyte våren som no er i anmarsj. 

På gjensyn!