lørdag 16. januar 2010

Vakker himmel og sokkar til nevøen

For ei stund sidan kom eg over dette garnet, Big fabel, og tykte det var veldig fine fargekombinasjonar. Det har lege på vent ei stund, men no fyller eit av tantebarna 10 år, så då kunne det vere passeleg med eit par tjukkelabbar. Av eit 100 grams nøste skulle det gå an å få to sokkar, hadde eg tenkt, men det er litt vanskeleg å berekne kor tid ein er komne til midten av eit slikt nøste. Det enda (sjølvsagt) med at det blei litt for lite, så det mørkebrune på tåa på den eine sokken er av ein annan garntype. Men sidan sokkane er så fargerike elles, fann eg ut at dette fekk gå.



I dag tidleg var himmelen skikkeleg vakker. Frå at det har vore ein bra lang kuldeperiode, gjekk temperaturen opp på plussida i dag, og de har vore litt vind. Desse bilda tok eg ut av vindauget i dag tidleg.





1 kommentar:

Linda sa...

pyttsann, at eine har anna tå enn andre det legg man ikkje merke til! flotte sokkar og nydelege himmel-bilder!