Med tvillingar i hus må det meste vere rettferdig. For vel ein månad sidan fekk tvilling 1 si non stop trøye. Etter litt anna småarbeid manna eg meg opp til å starte på trøye nr 2, slik at begge skulle få. Endeleg vart denne ferdig òg, og resultatet vart no greit. Litt knall med dei lilla stripene, men jenta likar lilla, så slik måtte det bli.
Mønsteret er lasta ned
herifrå. Ei grei oppskrift som gjev berre to endar å feste om ein vel å bruke ein farge, evt fleirfarga garn.
3 kommentarer:
Nydeleg trøye og ei nydeleg jente!! Blir vel dobbelt opp av alt strikketøy med tvillingar i heimen, tenkjer eg. ;)
Ei flott trøye! Det går jo an å variera striper og fargar så mykje ein lystar med denne jo ;o)
Flott trøye i herlige farger.
Legg inn en kommentar