mandag 1. november 2010

Tova ullvottar

Eg har ei lita niese på 3 år som går i utegruppe i barnehagen. Tanta føler då eit visst ansvar for at jenta har varme kle, og ei av utfordringane er å halde ho varm på hendene. Det varmaste er visstnok tova vottar, så då måtte vi prøve å få til det. Har ikkje så brei erfaring med det frå før, men eg fekk det no til på eit vis. Har funne diverse oppskrifter på nettet, og gjort om masketal og mål så det skulle passe nokolunde. Neste gong skal eg legge opp nokre få masker mindre, og heller auke litt etter mansjetten, for å få ei passform som sit betre på handa.













Dette paret er strikka i Artic frå Trysilgarn/Europris, pinne nr 5. Tova på 40 grader i maskin.

7 kommentarer:

Hanne sa...

Tovede votter er geniale prosjekter for de blir så fort ferdige også er de kjempe gode. Likte hvordan du hadde pyntet vottene dine :)

Sisselshverdag sa...

Søte votter :D Heldig jente som har ei tante som viser ansvar for varme hender ;)

Ha en flott mandag :D

Maria sa...

Denne måten å pynte tova votter har jeg ikke sett før. Jeg pynter etter toving,men jammen meg skal jeg prøve meg med pynten først. Er bare så redd at det blir tovet bort,men ser jo her at det går fint.

Wenche/chawo sa...

Så herlige votter ,du har strikket

sol sa...

Tova votter er godt å ha, og med pynt på er de lettere å kjenne igjen. Heldige niese som får så fine votter av tante!

Linda sa...

Flotte desse vottane. Og med pynt som gjer at dei er lettare å kjenna att.

Anonym sa...

Flotte votter, som heilt sikkert varmar godt i utebarnehagen :)